Saturday, February 03, 2007




Har igjen hatt meg ein tur på Perlehuset i Bergen. Denne gongen blei det eit smykke til ei som snart har bursdag. Søstera mi har ein genial ide om å lage hårklemmer som matcher, perfekt hvis ein har litt "rester" igjen etter smykket.

Monday, December 18, 2006


JULEVERKSTED!!
Julen,julen,julen den er her!
Eg og Linn Anette har hatt juleverksted.
Ferdige vegger med pepperkakehus og ei enkel og grei oppskrift på nissar frå Panduro gjorde at me konne "tatla" meir enn me planla julepynt.
Her er resultatet når to svimehåver e "kreative":

Friday, October 27, 2006


Perlerperlerperlerperler! Kjempekjekt å lage smykker altså! Eg fekk ein bursdagspakke i posten frå mi kjære søster i Bergen her ein dag. Inni den var det eit rosa penal, rosa visk, rosa kulepenn - og ikkje minst : ROSA PERLER! Eg blei så glad at eg perla meg eit smykke med ein gong, som eg ikkje skal gi til nokon:) På kortet sto det at eg ikkje er ei typisk "rosa-jente", det er sant det.. Men at det bur ei prinsesse inni meg, det er sant! hehe.. Uansett så blei eg veldig fornøgd med smykket, skal ha det på meg idag når eg skal på jobb i veskebutikken min! Ha ein fin dag og perl deg noko fint til helga:)

Friday, October 06, 2006


Idag har eg nok ein gong vore på Perlehuset i Bergen. Søstera mi har lært meg ein ny "Tvinne-teknikk" så det blir litt ekstra stas på smykket:) Eg snopte perler nok til både smykke og armbånd. Tenkte eg skulle vere snill og gi det til ei venninne av meg i Trondheim som eg snart sitt på flyet til. Og ja, eg vett... Eg oppdaterer aldri. Skal bli flinkare.. Kanskje:)

Thursday, August 03, 2006



Når symaskina var framme var det berre til å sy ein pung til! Denne blei litt mindre, for nå hadde eg sømromma slik dei bør være:) Å sy denne pungen er jo ein fantastisk måte å få brukt opp små betar av restestoff på, har ikkje kjøpt noko nytt! Til og med glidelåsen er noko eg hadde frå før.. Eg har ikkje vore i knappeskrinet til farmor denne gong, syns den var fargerik nok som det var, men kjenner eg meg sjølv rett stikk eg nok nasen oppi neste gong er er på besøk og syr på eit par knappar!



Ein slik pung kan ein jo bruke til det meste.. Sminke, penger, penal, sy-utstyr, nøklar osv. Og så har eg jo min kjære Malin som stadig minnar meg på at ho snart har bursdag, hehe.. Derfor har eg allerede valgt ut stoff til å sy ein til:) Ha ein fin sommarkveld!

Monday, July 31, 2006


Nå har eg endelig sydd ein liten pung som har vore planlagt lenge. Stoffet kjøpte eg på "Inspirasjon", ein kjempeflott sybutikk i Leirvik sentrum. Mønster og gode forklaringar fekk eg av Hilde (http://benthilde.blogspot.com/) og symaskina lånte eg av mi kjære mor. Eg har lært at sømromma ikkje må være for små, det ser litt stygt ut med små gliper her og der:) Pungen er ca 15 cm brei, litt større enn på oppskrifta, sannsynligvis pga. små sømrom.. Ellers så har eg quilta med fleirfarga bomullstråd i rødt, brunt og beige. Når pungen var ferdig rota eg i farmor sitt "skattekammer", knappar frå alle mulige tidsepokar:) Eg gravde sjølvsagt fram dei som glitra mest og sydde på! Så nå er pungen klar og eg er fornøgd med å ha fullført eit syprosjekt!

Thursday, July 20, 2006



Når søstera mi kom heim fra ferie hadde ho med seg heim hobbystæsj til meg:D To nøster og ei oppskrift med hekla og strikka tilbehør, bl.a. hårnåler, brosjer, belter og pung. Nøstene var fantastisk kule, dei heiter glitter ULD og Viscose & HØR. Med heklenål 3,5 hekla eg denne pungen i det glitrande garnet, og blomane hekla eg på heklenål 3,5 dei og. Sydde i ein turkis glidelås og putta på eit par perler og. Pungen blei ca 10 x 20 cm og har herved blitt min nye sminkepung!

Monday, July 17, 2006


Nå er eg endeleg ferdig med prosjektet som har vore med meg i eksamensstresset og på herlige dagar på terrassen. Ein tøff gutteaktig hettegensert til ei jente eg snart skal begynne å lære rampestreker :)
For å få genseren litt meir jentete kjøpte eg filtblomar på Panduro og sydde på. Oppskrift og mjukt fint bomullsagarn frå Sandnes Garn.

Thursday, July 06, 2006

Nå har eg dikta litt igjen.. Kjøpte eit nøste som heiter "Mystic stretchgarn". Planen var at det skulle bli sjerf.. Men så ville eg heller lage sjal.. Men så utvikla det seg til ankelsokkar. I og med at eg dikta etterkvart var eg innstilt på å måtte rekke opp mange gonger, skifte pinnar eller rett og slett berre gi opp. Men på strømpepinnar nr. 5 og 40 masker blei sokkane som skreddarsydd til mine bein. Reknar med at det har noko med at det er eit stretchgarn å gjere:) 92% viscose og 8% polyester er ikkje noko eg pleier strikke med og det var ein litt vrien tråd å ha på pinnane, men det gjekk jo så fort med så få masker og så store pinnar! Så då var enda eit nøste blitt til noko og eg kan forsetta på haugen min med halvferdige ting.....

Tuesday, June 27, 2006


Eg var på ein shoppingrunde på Stord igår og gjekk innom den søtaste garnbutikken eg har vore på nokon gong! Pitteliten butikk som var stappfull av tusenvis av forskjellige garnnøster og anna spennande rot:) Eg visste ikkje kva eg skulle kjøpe, men eg peila meg inn på yndlingsfargen min; gull! Det blei til eit sjølvdesigna hekla pannebånd som alltid er kjekt å ha.

Friday, June 23, 2006

Var desverre litt forsinka til å bli med på "hemmelig venn", så ein kveld fant eg ein pakke under puta mi. Søstera mi og eg bestemte oss for å vera hemmelig venn for kvarandre, men likevel blei eg jammen meg overraska over den harde og ukomfortable puta eg hadde den kvelden:) Pakken inneholdt 2 lerret (20 x 20 cm) og 4 gloss-touch fra panduro. Ho hadde også putta oppi ett par inspirasjon-blader, i tilfelle.. Det var litt vanskelig å få kontroll på gloss-touchen, men det var iallefall spennande å prøve. Den kan brukast på dei fleste underlag sto det på pakken! Eg brukte den grønne gloss-touchen til å lage konturar med og den kvite til skrifta. Det ferdige resultatet blei to festelige bilder som eg muligens kjem til å henge på veggen ein gong?!

Wednesday, June 21, 2006



Nå er eg endelig ferdig med "glam-veska" mi! Den blei liggande lenge i ei skuff, men nå har symaskina vore framme så nå er det gjort. Veska blei veldig enkel og litt kjedelig, så eg sette meg i bilen og kjørte i retning Panduro for å kjøpe litt perler og andre ting eg kunne henge på. Oppskrifta fann eg på Panduro, stoffet kjøpte eg kjempebillig hos mora til ei venninne og håndtaka hadde dei på Garnkroa.

Friday, June 09, 2006


Ein ferdig pakke frå Panduro resulterte i desse søte, små figurane. Skal forestille ei bie og ein blomst som blei drøye 30 cm høge. Dei var veldig koselige å lage, og eg håpar min heldige tanteunge syns dei er festelige :) Alle delene eg hadde bruk for var i pakken, det einaste eg trengte å kjøpe var fyllvatt. Eg har tilbrakt mange timar på terassen i herlig sommarver til å følge "oppskrifta" slavisk, og er ganske stolt over dei 2 "dyra" som skal bli ein 1-årsdagspresang.



Saturday, June 03, 2006

Her har eg laga lipgloss frå Panduro. Eg kjøpte ein pakke med alle ingrediensene, så det var berre til å følge oppskrifta punkt for punkt. Det blei 8 lipglossar og pakken kosta ca 200 kroner. Sidan dette berre var eit forsøk blei eg positivt overraska av at den såg bra ut og var god å ha på!:)

Wednesday, May 31, 2006


Dei har veldig mange fine perler på Perlehuset!
Eg forelska meg i dei store perlene med blomster på,
og laga eit "kvardagssmykke" ifølge søstera mi.

Her har eg vore på Perlehuset igjen
og kjøpt meg perler i mange variantar.
Første prosjekt er allerede ferdig,
eit rosa armband laga av fleire ulike
perletypar!

Tuesday, May 16, 2006


Eg fekk beskjed av mi gode venninne Malin at det var på tide å oppdatere bloggen min. Men eg er veldig uproduktiv for tida, har hatt 3 eksamenar og har 2 igjen denne mnd. Derfor bloggar eg heller 2 kjempefine bilder som Malin sjølv har laga!

Tuesday, April 18, 2006


Svigermora til søstera mi har gjort eit forsøk på å lære meg å hekle englemasker. Her har eg prøvd å hekle meg eit sjal, etter slik eg trur det var. Håpar det er slik det skal sjå ut! Om det er rett eller ikkje har egentlig ikkje så mykje å sei, for sjalet blei veldig mjukt og akkurat passe luftig:)

Wednesday, April 12, 2006

Eg trengte eit sjal til vinteren, så då var det berre å finne fram heklenåla og eit herlig, mjukt bomullsgarn frå Garnkroa. Det tok jo sjølvsagt lengre tid enn eg hadde rekna med, men nå er eg endelig ferdig og klar til neste vinter!

Tuesday, April 11, 2006

Her fekk tanteungen min OL-genser. Eg strikka den i str. 9 mnd og den har vore flittig i bruk. Fargane er ikkje heilt som i oppskrifta, men den passa godt til ei lita jente som ellers har mykje i rosa.
Her har eg sydd ei veska frå Panduro. Den er ca 45 x 35 cm og har bambus-håndtak. Eg har sydd på paljettar i sølv, men dei blei desverre usynlige på bildet.


Her er eg 100% inspirert av eit utall bloggar som har lagt ut bilder av den søte flore-hatten. Oppskrifta fant eg på knitwhits. Etter eit par svært frustrerande timar med engelsk-norsk oversetting var hatten enkel og grei å strikke. Fort gjort og veeeldig søt!

Her har eg vore på Perlehuset i Bergen og snopa meg perler.
Perlene blei eit koselig armbånd laga av fri fantasi.