Tuesday, April 18, 2006


Svigermora til søstera mi har gjort eit forsøk på å lære meg å hekle englemasker. Her har eg prøvd å hekle meg eit sjal, etter slik eg trur det var. Håpar det er slik det skal sjå ut! Om det er rett eller ikkje har egentlig ikkje så mykje å sei, for sjalet blei veldig mjukt og akkurat passe luftig:)

Wednesday, April 12, 2006

Eg trengte eit sjal til vinteren, så då var det berre å finne fram heklenåla og eit herlig, mjukt bomullsgarn frå Garnkroa. Det tok jo sjølvsagt lengre tid enn eg hadde rekna med, men nå er eg endelig ferdig og klar til neste vinter!

Tuesday, April 11, 2006

Her fekk tanteungen min OL-genser. Eg strikka den i str. 9 mnd og den har vore flittig i bruk. Fargane er ikkje heilt som i oppskrifta, men den passa godt til ei lita jente som ellers har mykje i rosa.
Her har eg sydd ei veska frå Panduro. Den er ca 45 x 35 cm og har bambus-håndtak. Eg har sydd på paljettar i sølv, men dei blei desverre usynlige på bildet.


Her er eg 100% inspirert av eit utall bloggar som har lagt ut bilder av den søte flore-hatten. Oppskrifta fant eg på knitwhits. Etter eit par svært frustrerande timar med engelsk-norsk oversetting var hatten enkel og grei å strikke. Fort gjort og veeeldig søt!

Her har eg vore på Perlehuset i Bergen og snopa meg perler.
Perlene blei eit koselig armbånd laga av fri fantasi.